Varsling ved viltpåkjørsel/ skadd vilt

Om du er uheldig og køyrer på eit dyr, har du ikkje gjort noko straffbart.

Men det er straffbart å ikkje melde frå om dette.Meld frå til 02800.

Kva gjer eg dersom eg har køyrt på eit dyr?

  • Ta straks på deg refleksvest/ markeringsvest.
  • Få oversikt over eventuelle skadde personar.
  • Gi førstehjelp og kontakt 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring politiet på 02800 – følg instruksane frå politiet.
  • Dersom dyret ligg  i vegbanen, sett ut varseltrekant.
  • Merk staden med viltband, plastpose eller liknande.
  • Merk eller vis fluktretning dersom dyret sprang frå staden. Dette gjer det lettare for sporhund å finne dyret.
  • Følg aldri etter eit skadd dyr sjølv. Det kan både vere farleg og gjere det vanskeleg for ettersøkshunden sitt arbeid.

 

Plikter ved trafikkuhell:

Det er ikkje straffbart å køyre på vilt, men det er straffbart å ikkje melde frå.

Les meir i Lov om vegtrafikk § 12: Plikter ved trafikkuhell 

Viltforvaltninga i kommunen har ansvar for handtering av skadd vilt, for eksempel trafikkskadd vilt og ved andre årsakar innanfor kommunen sine grenser. Ordninga gjeld i hovudsak større vilt som hjort, rådyr og elg. Mattilsynet har ansvar etter dyrevelferdslova