Kommunal tilknytning vatn

Skal du bygge nytt hus eller vil du ikkje lenger bruke den private brønnen din?

Sande kommune har  i dag 3 kommunale vassverk som forsyner innbyggjarane med vatn:

  • Gjerdsvika har vasskjelda Sædalsvatnet
  • Gursken har vasskjelda Sæssvatnet
  • Larsnes, Sandsøy og Kvamsøy har vasskjelda Sandvikvatnet

Kystlab AS utfører regelmessig analysearbeid av både råvatn og reintvatn.

Vassverka blir drive i samsvar med

 

Kva kostar det ?

Her finn du prisane på tilknytning og årsavgifter:

Gebyr vatn - 2020 pr år, inkl mva
Gebyr vatn - 2020
Tilknytningsavgift Hus under 250m2 Hus over 250m2 Fritidsbustad
17946 6558 7598 3280

 

Korleis søkjer eg?

Her finn du søknadsskjemaet som du skal bruke.

 

Når får eg svar?

Søknaden din blir behandla så raskt som råd. Du får svar innan 4 veker. 

Kontakt

Kjell Martin Vikene
teknisk sjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 908 82 170