Livsgledeheim er eit verktøy for kvalitetsarbeid som systematisk tek i vare psykososiale behov til
dei som bur på sjukeheim og omsorgsbusstadar.
Livsgledeheim skal også vere med på å åpne institusjonane gjennom rutiner for samarbeid med aktører i lokalmiljøet. Slik håper ein at vi kan skape auka frivillegheit i eldreomsorga.
Samarbeid med pårørande, næringsliv, foreiningar og andre i nærområdet håper ein skal opne for nye former for bærekraft og frivilligheit.
Generasjonsmøter mellom skular og barnehagar og eldre håper ein også å få til - noko som kan vere helsebringande for alle grupper- både unge og eldre. Kanskje kan slik involvering vere med på å hjelpe oss med rekruttering av både frivillige og helsepersonell på sikt.
Sandetun sjukeheim og Sandetun omsorgsbustadar er sertifiserte som Livsgledeheimar.