Evaluering

Evaluering

Evaluering er systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av ein planlagd, pågåande eller avslutta aktivitet. Eit godt datagrunnlag er avgjerande for felles refleksjon og læring. Ved å evaluere tiltaka jamnt på alle tre nivåa kan vi leggje til rette for utvikling av betre praksis i arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette born og unge.

Kommunalt nivå

Ressursgruppa skal evaluere kontinuerleg korleis samhandlingsmodellen i Sande verkar, både i forhold til samhandlinga tverrfagleg og i forhold til resultat for brukarane, gjennom innsamling av fakta, refleksjon og utarbeiding av naudsynte løysingar/endringar. Gruppa tek opp og spelar inn forslag til endringar i prosedyrane til styringsgruppa (sektorleiarmøtet). Den einskilde tilsette har også eit ansvar for å ta opp endringar som kan betre tenestetilbodet.

Etatsnivå

Arbeidet med identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge skal systematisk evaluerast i alle einingar i deira interne møte.  Einingane er tett på brukarane, og følgjer arbeidet tett. Dei har også relativt ofte møte med mellomleiarar frå ulike tenester, der dei snakkar om utfordringar, kva tiltak vi har og korleis tiltaka fungerer. Den einskilde tilsette har også eit ansvar for å ta opp endringar som kan betre tenestetilbodet.

Individnivå

BTI-arbeidet i Sande og modellen som er utarbeidd, skal evaluerast jamnt. Det er sett ned ei gruppe på tre personar som kontinuerleg skal arbeide med å halde ved like, oppdatere og evaluere modellen.  Dei som brukar modellen, har også høve til å gi elektronisk tilbakemelding. Dette vil bidra til vidareutvikling av modellen etter brukarane sine behov. 

Generelt

Det er laga ei prosedyre (PDF, 393 kB) for for korleis og når dette arbeidet skal gjennomførast.
Det er også laga ei punktliste (PDF, 521 kB) for innhaldet i evalueringsprosessen.