Gursken oppvekstsenter

Gursken oppvekstsenter

 

 

Gursken oppvekstsenter ligg i Gurskebotn i Sande kommune. Skuleåret 23/24 vil skulen ha rundt 140 elevar som går frå 1.-10.klasse. Skulen har SFO-tilbod om morgonen frå 07.15-08.25 og etter skuletid frå 13.15-16.15. Skulen har frå komande skuleår 17 lærarar, i tillegg til leiinga, assistentar, reinhaldarar og vaktmester. Dei jobbar kvar dag for at skuledagane skal vere best mogleg for elevane.

Visjonen til skulen:

«Gursken saman for trivsel og læring»

Vi har tre hovudreglar: Vis respekt! Vis ansvar! Vis omsorg!

Målet er at alle elevane skal trivast og utvikle seg.

PALS

Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for elevane. Dette er eit viktig verktøy inn mot elevane sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen.

Vigilo

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.

Google classroom

Google classroom blir i dag nytta i alle klasser ved skulen, her blir det oppretta eigne fagrom der lærarane legg ut relevant informasjon til elevane sine, i tillegg til arbeidsoppgåver som elevar arbeider med, både på skule og heime. Vekeplanar og anna informasjon til elevane blir også lagt inn her i eigne informasjonssider for dei ulike klassetrinna. Google classroom fungerer som eit samarbeidsverktøy mellom elev og lærar.

Vi jobbar spesielt med:

Skulen jobbar med fagfornyinga.  I år satsar vi ekstra på lesing, og har ein ny flott leseplan som er utvikla av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke her: Leseplan

Vi skal utvikle oss både kollektivt og individuelt. Vi brukar også BTS som støtte i arbeidet. Vi er gode på tverrfagleg arbeid i Sande.

Støttande og trygt læringsmiljø. Det bygger på PALS-modellen. Det står for positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling. I Sande kommune held vi på med dette utviklingsarbeidet saman med skulane på Larsnes, Gjerdsvik, Sandsøy og Kvamsøy. Les meir om PALS her.

Gursken oppvekstsenter samhandlar med PPT om utvikling av skulen.

Vi ønskjer å ha eit godt skule-heim-samarbeid.

Vi set pris på at Sande kommune og idrettslag har samarbeidd om å byggje kunstgrasbane som er plassert her ved skulen. Bana har ført til ein betre skulekvardag for elevane ved skulen og den er mykje i bruk. Aktivitet skaper trivsel. Trivsel og læring høyrer saman.

Vi gjer kvarandre gode i Gursken!

Styringsdokument

Her finn du styringsdokument for skulen.

Du finn og meir informasjon på facebook-sida vår 

Skulerute

Her er link til skuleruta for skuleåret: Skuleruta

Gursken oppvekstsenter FAU

Gursken oppvekstsenter FAU
Klasse Foreldre Vara
1. Stephani Brunstøl Garrido Malene Rødseth
2. Birthe Wickstrøm Hauge (leiar)
3. Camilla Auflem Vik
4. Vegard Longva
5. Henriette Hauge Sætre
6. Camilla Auflem Vik
7. Nina Prozenko Lindis Knotten
8. Ruslana Datsyuk Joakim Kobbevik
9. Anne Marthe Gjerde Morten Tjervåg
10. Merete Grønnevik

Gurksen oppvekstsenter - Samarbeidsutval 2023-2024

Gurksen oppvekstsenter - Samarbeidsutval 2023-2024
Representant Representerer Funksjon
Birthe Wickstrøm Hauge Foreldre
Stephani Brunstøl Garrido Foreldre
Nina Prozenko Foreldre
Heidi Torset Skoge Undervisnings-personale
Åse Bonaa Refsnes Elev (10. kl)
Marius Karanauskas Elev (9. kl)
Martin Olai Tødenes Elev (8. kl)
Christina W. Hauge Kommune
Marianne Solbjørg Ose Kommune
Ronny Prozenko Kommune Vara

Kontaktinformasjon Gursken oppvekstsenter:

Gursken oppvekstsenter
Namn Tittel Telefon
Marianne Solbjørg Ose rektor 70026795/ 99239125
Linda Rise Stridh rådgjevar 70026797/ 90093956
Elena J. Voldnes Joksch undervisningsinspektør 70026796/ 47239189

Besøks/ postadresse : Vågen 10, 6082 Gursken 

Her finn du Gursken oppvekstsenter på GoogleMaps -kartet.

Kontakt

Marianne Solbjørg Ose
einingsleiar
E-post
Telefon 70 02 67 95
Mobil 99 23 91 25
Linda Rise Stridh
rådgjevar
E-post
Telefon 70 02 67 97
Mobil 90 09 39 56