Flyktningarkiv

Flyktningarkiv

Saksmappe pr person

Tittel1: Flyktningmappe
Tittel2: <Fornamn Etternamn Fnr/Dufnr>
Arkivdel: FLYKT
Sakstype: FLYK
Tilgangskode: F
Klassering: fødselsnummer 11 siffer. Om ein ikkje har fødselsnummer, ventar vi med klassering til dette er klart.

Arkivdel og dokument er synlege i innsynsløysinga.
 

Flyktningarkiv

Innhald i arkivdel

Dokumentasjon i forhold til busetting og integrering av flyktningar og innvandrarar. 

Tilgang til arkivdel

Tilgangsstyrt for kommunedirektør, stabssjef, flyktningkonsulent og arkivet.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: F - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om person for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til mappa
Integritet: Flyktningmappa, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.