Gards- og bruksnummerarkiv

Gards- og bruksnummerarkiv

Arkiv for byggesak, delesak, landbrukssaker, oppmåling og seksjonering. Saksbehandling skjer i Acos Eiendom som er ein eigen modul i Acos WebSak og i Websak+. Fullelektronisk arkiv frå 22.05.2019.

Saksmapper vert oppretta av arbeidsflytar tilpassa kvar einskild søknadstype og etter gjeldande skrivereglar. Ei saksmappe pr tiltak.

Arkivdel: GBNR
Sakstyper:  BS - Byggesak
                     DS - Delingssak
                     LS - Landbrukssak
                     OP - Oppmåling
                     SEK - Seksjonering
Tilgangskode: UO ved behov.
Klassering: GBNR               

Er synleg i fulltekst på innsynsløysinga.

Innhald i arkivdel

Søknad og vedtak om diverse byggeprosjekt. Landbrukssaker. 

Tilgang til arkivdel

Det er stort sett offentelege dokument i denne arkivdelen.

Sakshandsamarar i Teknisk sektor skal ha tilgang til dette arkivet, samt kommunedirektør og arkivtenesta. Utover dette vert det gitt ved behov, til dømes til plan- og utviklingssektoren.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Stort sett offentleg, enkeltdokument må unntakast offentleg innsyn
Lovhjemmel: UO - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Tilgjengeleg for dei som treng det. Det som er unnateke off. innsyn er berre tilgjengeleg for aktuell sakshandsamar.
Integritet: Byggesaka elelr landbrukssaka, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.