Pasientjournal

Pasientjournal

Dokumentasjon i fagsystem for helse, pleie og omsorg. 

For bruarar innan pleie og omsorg, bu- og habilitering og tenestekoordinering skjer saksbehandling og registrering i fagsystemet Gerica.  Fullelektronisk arkiv frå 01.05.2021

For elektronisk pasientjournal i legetenesta vert arkivverdig dokumentasjon oppbevart i fagsystemet System-X, fullelektronisk frå 2017. 

Innhald i arkivdel

Pasientjournal vert til i Gerica og vert nytta av Pleie- og omsorgsektoren (omsorg sjukeheim og heimebasert omsorg) Bu- og Habilitering og Tenestekoordinering. Også fysioterapien nyttar Gerica som fagsystem.

Pasientjournalen inneheld både det som er arkivverdig etter arkivlova og det som er EPJ.

  • Søknad om opphald
  • Vedtak
  • Epikrise
  • her kjem meir

Arkivverdig materiale vert skrive ut på papir og samla i papirmappe så lenge Gerica ikkje er arkivverdig.

Tilgang til arkivdel

Tilsette som har tenesteleg behov for tilgang. Brukarstyrt.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: Off.lova §13 jf forv.lova §13 og helseteneste og pasient
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om pasienten/klienten/brukaren for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til pasientmappa
Integritet: Pasientjournalen, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.