Disiplinærsak

Disiplinærsak

Disiplinærsak førast som eiga sak i arkivdel DISI med tilgangskode PB (Personal begrensa)
og ad-hoc tilgangsgrupper for kvar sak.

Definisjonen på ei disiplinærsak vil vere:
Tjuveri, underslag, AKAN-saker, illojalitet mot arbeidsplassen og mobbing/trakassering av medarbeidar/tilsett. Disiplinærsaker kan føre til varsling, suspensjon eller oppseiing

Disiplinærsak

Innhald i arkivdel
  • AKAN-saker
  • Åtvaring
  • Varsling
  • Bekymringsmelding
  • Referat frå møte/samtale
  • Melding til politi
  • Førehandsvarsling
  • Drøftingsmøte
  • Avskjed/suspensjon
  • Oppseiing
  • Korrespondanse med rettsinstans/advokat
  • Korrespondanse med arbeidstakarorganisasjonane
  • Innkjøpsprotokoll og oppdragsbekrefting (Advokat etc.)
Tilgang til arkivdel

Tilgangsstyrt

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: PB - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Kun overordna leiar har tilgong til mappene
Integritet: Disiplinærsakene, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.