Arkivorganisering

Arkivorganisering

Kommunen er organisert med eit sentralarkiv/arkivteneste som har hovudansvaret for å føre journalpliktig dokumentasjon i sak- arkivsystemet. Nokre av dei ulike fagområda fører journalpliktig dokumentasjon i eigne fagsystem. Det vil då vere eigne fagansvarlege knytt til kvart område.
Arkivverdig dokumentasjon frå fagsystem kan blir overført til sak-arkivsystem via integrasjonar eller ved manuell overføring, eller dei vert arkivert i eiga arkivkjerne knytt til fagsystemet.

Arkivleiar har det overordna ansvaret for alle arkiva i kommunen. Arkiva gjeld både aktivt elektronisk sak-arkivsystem, aktive arkivkjerner i ulike fagsystem, historisk papirarkiv og elektroniske arkivuttrekk.

Ansvaret for arkiv til føretak ligg hos leiar for det enkelte føretak.

Kommunen har sentralt postmottak for heile organisasjonen. 

Kommunen har felles elektronisk sak- arkivsystem med alle kommunar på Søre Sunnmøre. SSIKT har overordna systemansvar innan fagområdet, men kvar kommune har eige systemansvar for sine databasar.

All journalføring og administrativ saksbehandling skal skje i sak- arkivsystemet. Unntak er pasientjournalar (EPJ) som blir skjerma i ulike fagsystem innan helseområdet.


Sjå meir under «Kommunane sine system» .