Kommunal bustadAlle kan i utgangspunktet søkje om ein kommunal bustad . Dei som etter lova har rett til kommunal bustad, vert prioriterte. Dei 30 kommunale husværa er lokaliserte slik: 1 i Gursken 18 på Larsnes 2 på Kvamsøy 3 på Sandsøy 6 i Gjerdsvika Dei fleste leilegheitene har berre 1 soverom . Husværet er ikkje møblert. Sande kommune kan inngå kontrakter med varigheit på 2 år. I dette tidsrommet håper ein at leigetakar kan finne seg bustad sjølv på den private marknaden. Husleigesatsane vert regulert kvart år. Ny husleige gjeldande frå 01.01. Depositum : 2mnd husleige Straum og tv/ internett kjem i tillegg. Om du har behov for økonomisk hjelp til bukostnadane dine kan du lese meir her. Kven kan få tilbod om bustad? Tilbodet er for deg som er utan bustad, og ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Søkjarar med økonomiske, helsemessige eller sosiale utfordringar vert prioriterte.. Om du har behov for omsorgsbustad, kan du lese meir om dette her. Kva kostar det å leige ? Satsar for utleige av kommunal bustad - 2022 Satsar for utleige av kommunal bustad - 2022 Husvære Pris Haugebu II H 8910 Haugebu II K 5056 Haugebu IV 4346 Haugebu V 4105 Hallelia bustadar,1,3,4 og 5 5669 Hallelia bustadar 2 6801 Sandsøy ungdomsbustadar 6505 Sætre ungdomsbustad 7005 Kvamsøy ungdomsbustadar 7005 Hallelia ungdomsbustader 7005 Riisero 1-6 7185 Utsikta 1-4 7330 Kommunal bustad Korleis søkjer eg? Du kan bruke eit av desse skjema som du finn under her. Søknadsskjema kommunal utleigebustad Når får eg svar ? Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 4 veker . Publisert 17.08.2018 14:44 Sist endra 03.02.2022 13:54