Bygge? Korleis går eg fram?

Bygge? Korleis går eg fram?

Skal du bygge? Her får du hjelp!

Husk å sjekke kva du kan gjere på eigedommen din. Jo meir du har ordna før du søkjer, jo raskare vil søknadsprosessen gå. Sjå video:

 

Slik går du fram:

1. Finn planar og bestemmeleser ovanfor eigedommen din.

Du kan gå inn på www.sunnmørskart.no og søke opp adressa di. Her finn du planføresegn og reguleringsplanar med føresegner. Sett deg så inn i kva som gjeld din eigedom.  Ta vare på gards- og bruksnummer ditt (og eventuelt feste og seksjonsnummer). Gards og bruksnummer kan til dømes sjå slik ut 80/999.

Vidare treng du eit situasjonskart. Dette er eit kartgrunnlag over eigedommen din, med gjeldande planer og grenser, der ein skal vise til plassering av tiltaket ein skal bygge. Dette skal vere i målestokk. Helst 1:500

LES OGSÅ:

Byggesaker- prisar 2024

Byggesaker- prisar 2024
Type byggesak Grunnbeløp
Bustad og fritidsbygning pr bygning 16550
Garasje, uthus, naust under 100 kvm 7620
Industri - og energiforsyningsbygning 26050
Industrihall inkl adm. og mindre kontorfasilitetar 45250
Lagerbygning. tiltak under 200 kvm 11260
Rubbhall, lagertelt. Tiltak under 200 kvm 11260
Fiskeri- og landbruksbygning 26050
Kontor- og forretningsbygg 62350
Idrettsbygning 45250
Kulturhus 62350
Garasje , uthus, naust over 100kvm 11260
Søknad om igongsettingsløyve - eit gebyr pr søknad 3900
Alle areal er oppgitt i bruttoareal.

 

2. Kor stort kan du byggje på eigedommen din?

Dette finn du i planføresegna for tomta di. I reguleringsplanen skal det kome fram kor mykje av tomta som kan nyttast til bygging. Oftast er det ein viss prosent, for eksempel 20 prosent av tomta som kan nyttast. Dette varierer frå plan til plan. Dette kjem ofte i BYA (Bebygd areal) det vil seie fotavtrykket av bygget.  lag oversikt over storleiken på det som allereie er utbygd frå før. Dersom ein treng hjelp kan ein nytte seg av Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) sin vegvisar, eller ta kontakt med kommunen.

 

3. Kva skal ein ta omsyn til?

Ein må ha eit situasjonskart av eigedommen sin. Deretter må ein sette seg godt inn i situasjonskartet over eigedommen, samt planar og føresegner for eigedomen sin. Dersom punkta under kjem i konflikt med  byggeplanane dine, må ein anten endre planane, eller søke om dispensasjon for tiltaket. Forklaring på kva ein dispensasjon er og inneheld, sjå nedst etter punkt 8. Dette er punkt som no må vurderast:

  • Byggelinjer: Er det restriksjonar på kor ein kan plassere bygg på tomta?
  • Avstand til vatn og avløpsleidningar: Kjem bygget i konflikt med eksisterande infrastruktur?
  • Avstand til bil-, gong- eller sykkelveg: Kva er avstanden til næraste veg?
  • Avstand til naboeigedom: Kor nært kjem bygget naboeigedommen?
  • Flom og skredfare: Dette kjem ikkje opp i reguleringsplanar, så her må ein sjå på omsynskartet i kommuneplan. Kjem eigedommen din innafor eit omsynsområde for flaum eller ras? (Dette kan ein ta kontakt med kommunen om, dersom ein ikkje finn det, eller er i tvil.)
  • Sjeldne planter, dyr eller andre artar: Er det noko verneverdig i eller i nærleik av tomta di? dersom ja, bør ein avklare dette så tidleg som råd.

Treng du hjelp til å sjå om tiltaket ditt er søknadspliktig, prøv ein av vegleiarane under:

Dersom ein fortsatt er usikker på om ein må søke, ta kontakt med kommunen. Byggjer ein ulovleg kan ein måtte risikere å rive bygget for eiga rekning.

 

4. Teikne og plassere bygget

Det må ligge føre teikningar av tiltaket som gjer det enkelt å forstå korleis bygget ditt skal sjå ut. Teikningane må vere i målestokk, og målsette. Det SKAL ligge føre

  1. planteikningar (kor store romma er), snitt-teikningar (skal vise snittet på bygninga både på langs og tvers, samt høgde på etasjar)
  2. fasadeteikningar som skal vise alle sider av bygget, samt terrenget rundt bygget før og etter endringa.

Finn deretter fram situasjonskartet ditt, og bruk linjal for å teikne inn det du skal bygge eller rive, i same målestokk som situasjonskartet ( helst 1:500). mål opp og teikn inn kortaste avstand frå det du skal bygge og fram til fylgjande punkt

  • Næraste bygg på eigen eigedom
  • Næraste nabobygg
  • Nabogrense
  • Midten av gang, sykkel eller bilveg.

Bor du i nærleiken av for eksempel vatn- og avløpsleidning, , høgspentleidning eller noko anna som kan avgrense kor du kan bygge? Då må du måle opp og teikne inn avstandar til dette på situasjonskartet.

Dersom ein er usikker på korleis lage gode teikningar, bør ein få hjelp av ein fagperson som kan dette, for eksempel arkitekt eller ingeniør.

Bruk vegvisaren frå DIBK  dersom ein er tvil om det ein bygg blir for stort.

 

5. Orientere naboar og gjenbuarar

Bestill naboliste frå kommunen. Alle som er på lista skal varslast, dette gjeld også kommunen som nabo, dersom dei står oppført. Det same gjeld riving. Nabovarselet skal innehalde alle vedlegg som er med i søknaden. Dette gjeld teikningar, situasjonskart, eventuelle dispensasjonar og så bortetter.

Nabovarselet skal delast ut til alle naboar som er på lista. Dersom ein eigedom har fleire eigarar, skal alle skrive under. Dette kan anten gjerast ved personleg levering, der ein oppsøker naboane, og får underskrift, eller gjennom rekommandert sending hjå posten.

Naboar har deretter 14 dagar til å kome med merknadar på.

Dersom naboar eller gjenbuarar kjem med merknadar i samband med søknaden din, er det DU som har ansvaret for å overlevere merknadane til kommunen.

 

6. Fyll ut søknaden og send inn til kommunen

Søknaden kan no sendast til kommunen når fristen for nabovarsel har utløpt (14 dagar etter varsling), eller dersom alle har gitt samtykke.

Adresse: Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller postmottak@sande-mr.kommune.no

Her finn du søknadsskjema du skal bruke.

  • Søknad om tillatelse til tiltak utan ansvarsrett, nummer 5153: gjeld dersom du bygger utan ansvarleg foretak. Dette gjeld oftast mindre byggeprosjekt, som for eksempel garasje, bygging av bod, mindre tilbygg osv.
  • Søknad om tilatelse til tiltak, nummer 5174:  oftast brukt dersom det er litt meir avanserte byggesøknadar, oftast med ansvarleg foretak.
  • Opplysningar om tiltakets ytre rammer, nummer 5175: Denne må ein huske å fylle ut. denne seier noko om storleiken på tiltaket, og dei ytre rammene i prosjektet.
  • Elles er det ein del nyttige søknadsskjema ein finn på linken.

Fyll ut alle felt som krevst i søknaden. Samle alle vedlegg som skal fylgje med, deretter kan du sende inn byggesøknad med alle vedlegg og relevant dokumentasjon.

Husk: Er du sikker på at søknaden er komplett ? sikker på at det ikkje trengst dispensasjon eller andre løyver? Dersom alt er komplett, er det 3 veker behandlingstid. Ved dispensasjon eller høyring ved andre myndigheiter, som for eksempel statens vegvesen, fylkeskommunen osv, er saksbehandlingstida 12 veker.  Det kan og ta ytterlege 4 veker dersom kommunen må innhente løyve, samtykke eller uttale frå andre mynde.

 

7. Få svar på søknaden din

Du må vente på byggeløyvet frå kommunen før du sett i gong med bygginga, husk og bruke kvalifisert fagperson ved behov. Lykke til med bygginga!

 

8. Skaffe ferdigattest

Når bygget ditt er heilt ferdig må det søkast om ferdigattest ved kommunen. Ein kan bruke blankett 5167.

Dersom ein har hatt ansvarleg søkjar som har stått for søknadsprosessen, må det og sendast inn gjennomføringsplan frå ansvarlig føretak, med alle ansvarsrettar.

 

Nyttige omgrep og  lenkjer

 

Dispensasjon: Dispensasjon er ei fritaking i frå å fylgje eit lovbud eller annan bindande forskrift.

Dispensasjonar skal kome i eit eige skriv, eller som eit eige vedleggsbrev. Det er her ikkje noko eige søknadsskjema. Ein dispensasjon skal innehalde gode faglege argument for det som det skal dispenserast frå. Dispensasjonar må søkjast om dersom tiltaket ein skal søke om kjem i strid med reguleringsplanen, eller kommuneplanen, tekniske krav eller andre høve som utløyser kravet. Dette kan for eksempel vere at ein ynskjer å bygge garasjen sin utanfor byggelinja som er på tomta. Det kan vere at ein overskrid utnyttingsgrada på tomta. Dispensasjonssøknadar har 12 vekers behandlingstid, og må ofte på høyring til andre myndigheiter.

Byggelinjer: Dei fleste eigedommar som er under ein reguleringsplan har byggelinjer.  Som oftast er dette utforma med ei stipla linje, ofte mot veg, Dette set avgrensingar på kvar på tomta ein kan bygge. Husk å sjekke opp om det er byggelinjer på din eigedom som kan kome i konflikt med byggeplanane dine.

Utnyttingsgrad: Utnyttingsgrad seier noko om kor mykje av tomtearealet ein kan bygge på. Dette blir utrekna av fotavtrykket på bygga som er på eigedommen. (for eksempel eit hus med grunnflate på 100m² på ei tomt på 1 dekar ( 1000m²) har ein utnytta 10 % av tomta. Det går ikkje på bruksrealet (så lenge det ikkje er spesifisert i planen).

Alle reguleringsplanar har ei form for utnyttingsgrad. Dette kjem anten i % eller i U-grad. U-grad er meir vanleg i gamle planar. Det er litt meir komplisert med u-grads utnytting, her legger ein til delar av veg og eventuelle friområde i nærleiken inn i tomteutrekninga.

Ferdigattest: Når tiltaket ein har søkt om er heilt ferdig  ein søke kommunen om ferdigattest. Dette må gjerast før bygget kan takast i bruk.

 

Nyttige lenkjer:

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontakt

Trond-Fredrik Hoddevik
byggesaksbehandlar
E-post