SeksjoneringSeksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga. Å reseksjonere er å gjere endringar på allereie seksjonerte eigedomar. Vilkår: For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ane) vere godkjende etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje. Slik søkjer du: Seksjonering Reseksjonering Kva kostar det? Seksjonering- prisar 2022 Seksjonering- prisar 2022 Seksjonering Pris Ikkje utført synfaring kr 3609 Utført synfaring kr 5922 Tinglysing seksjonering etter gjeldande satsar frå Statens kartverk Når kan eg vente svar? Lova innfører tidsfristar for kommunen si handsaming av seksjoneringssaker. Sakshandsamingsfristen er 12 veker. Lov og retningsliner: Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven) Publisert av Elin Rokstad Publisert 31.10.2018 09:42 Sist endra 31.10.2018 09:42