Fritidsbustad eller heilårsbustad

Fritidsbustad eller heilårsbustad

Næring, teknisk og miljøutvalet kan behandle din søknad om endring frå fritidsbustad  til  einebustad (heilårsbustad). Det bestemte kommunestyret  på sitt møte 20.06.23. Det er utarbeida ei rettleiing for korleis du går fram når du søkjer. 

Det har etter kvart vorte eit ønske frå mange å kunne flytte til den kommunen dei har fritidsbustaden sin. Det er då aktuelt å bruke fritidsbustaden som permanent bustad.

Ein kan etter dagens gjeldande regelverk ikkje melde flytting til ein eigedom som er definert som fritidseigedom. Den må gjerast om til bustad.


Ei slik omgjering er søknadspliktig og kommunen må gjere eit vedtak om omgjeringa før
endringa kan registrerast i det nasjonale eigedomsregisteret «Matrikkelen».

Rettleiing 

Det er laga ei rettleiing for korleis du går fram dersom du ønsker å endre statusen på din fritidsbustad. Kommunestyret har vedteke at denne rettleiinga skal gjelde for søknadsprosessen i slike tilfelle. 

Her finn du rettleiing for endring av status i matrikkelen frå fritidsbustad til bustad(PDF, 485 kB).

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70