Fritids- eller fast bustad?

Fritids- eller fast bustad?

Dersom det er endringar i bruken av ein eigedom, skal ein fylle ut ein søknad om endring av grunnlaget for kommunale avgifter.

Dei kommunale avgiftene du betaler, skal vere i samsvar med bruken av huset.

Fritidsbustad er eit hus der det ikkje er registrert busetnad på, og som ikkje blir brukt til utleige,

For fritidsbustad kan ein  søkje om halv avgift for vatn og kloakk/ slam. For redusert renovasjonsavgift må ein søkje Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

 

Kva er satsane for kommunale avgifter?

Gebyr avløp bustadhus - 2023

Gebyr avløp bustadhus - 2023
Tilknytningsavgift Årsgebyr -Bustad under 250m2-abonnement og forbruk Årsgebyr -bustad over 250m2 -abonnement og forbruk Fritidshus
21078,08 4266,35 4763,55 2630,38
kr pr år, inkl mva

 

Gebyr slam bustadhus - 2023

Gebyr slam bustadhus - 2023
Bustad med septiktank 0-2m3 Bustad med septiktank 2-6m3 pr m3 over 6m3
1131 1189 316
kr pr år, inkl mva

 

Gebyr vatn - 2023

Gebyr vatn - 2023
Tilknytningsavgift Hus under 250m2 Hus over 250m2 Fritidsbustad
20025,32 7322,60 8311,49 4603,10
pr år, inkl mva

Feiing- 2023

Feiing- 2023
Kva blir feia? Pris
Feiing 669
Ekstra pipeløp 335
pr år, inkl mva

Korleis søkjer eg?

Her finn du søknadsskjemaet som du skal bruke.

Når får eg svar?

Søknaden blir behandla som raskt som råd. Du får svar innan 4 veker.

Når blir endringa iverksett?

Endringa i betalingssatsane blir iverksett frå 1.halvåret etter at vi har teke mot søknaden din, og den er godkjent.

Kontakt

Kjell Martin Vikene
kommunalsjef
E-post
Telefon 70 02 67 10
Mobil 90 88 21 70