Ressursgruppa

Ressursgruppa

For å sikre eit heilskapleg tenestetilbod, har Sande kommune ei ressursgruppe for barn og unge. Ressursgruppa skal bidra til utvikling og samordning av det tverrfaglege arbeidet rundt barn og unge i kommunen.

Kva oppgåve har ressursgruppa? 

Ressursgruppa skal støtte tenester og ansvarsgrupper i vurdering av samansette og kompliserte saker.
Ressursgruppa er rådgjevande  og vedtak om tenester vert fatta i dei ulike einingane.

Det er utarbeidd eit eige samtykkeskjema som kan brukast når foreldra er einige i at ei sak kan takast opp i ressursgruppa.

 

Kven er med i ressursgruppa? 


Ressursgruppa er samansett  av representantar som alle har eit ansvar for barn og unge i kommunen:
-Helsestasjon/skulehelseteneste
-Helsestasjonslege
-Pedagogisk-psykologisk teneste
-Barnevernstenesta
-Representant frå barnehage og skule
-Fysioterapeut
-Koordinerande eining/rus-psykiatriteam

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95