Primær/ nærgruppe

Primær/ nærgruppe

Primærgruppe/nærgruppe består av 3-6 personar som har eit ekstra ansvar for pasient/brukar. Gruppa er samansett av fagfolk for å gje eit heilskapeleg tilbod utifrå gjeldande vedtak.

Kva er målet?

Primærgruppa skal bidra til ein kvardag prega av tryggleik, kontinuitet og ei forutsigbar teneste for pasient/ brukar og pårørande.

Primærgruppa har ansvar for:

  • Delta på velkomstsamtale.
  • Sjukepleiar/ vernepleiar skal sørge for legemiddelgjennomgang.
  • Kommunisere med pårørende ved behov.
  • Ekstra ansvar for å planlegge, følge opp og evaluere tilbodet til pasient/ brukar.
  • Sørge for at tiltaksplan, brukarstatus, ernæringsstatus, IPLOS (PDF, 735 kB) og ADL * er oppdatert. Dette er informasjon som vert lagra i elektroniske pasientjournal, og er viktig for at personalet skal kunne god daglig oppfølging. Brukast også i kommunikasjon med lege og sjukehus.
  • I samarbeid med pasient og pårørande sørge for at rom/ leilighet er praktisk tilrettelagt for pasient og personale. Kommunisere med pårørende ved mangel/ overskudd av klær, utstyr, hygieneartikler osv.
  • Kommunisere med hjelpemiddelansvarleg ved behov for hjelpemidler.
  • Aktivitetar. Sørge for at pasient veit om og får tilbud om dei aktivitetane som er tilgjengelege i regi av kommuna.

 

*ADL-vurdering gir informasjon om aktivitetar i dagleglivet, kroppsfunksjonar og nokre kognitive funksjonar om personen sine ressursar og funksjon på registreingstidspunktet, og grad av behov for bistand og hjelp.