Parkeringsløyve for funksjonshemma

Parkeringsløyve for funksjonshemma

Er du bilførar eller passasjer og har særlege problemer med å bevege deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for rørslehemma.

Kven kan få parkeringskort?

Om du har ein sjukdom eller nedsett funksjonsevne som gjer at du har problem med å gå litt lengre avstandar, kan du ha rett på eit parkeringsløyve. Når vanleg parkeringstilbod er vanskeleg for deg å nytte, kan du ha rett på eit slikt løyve.

Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

Løyvet har form av eit personleg parkeringskort som gir deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.

• Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
• Kortet gjeld også i heile Europa, men da etter reglane til kvart land.
• Løyvet gjeld vanlegvis for 2-5 år.

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis får du parkeringsløyve?

Du kan søkje elektronisk her

Du må hugse å legge ved dokumentasjon frå legen din. I tillegg må du også levere eit foto som skal brukast på kortet.

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.

Kontakt

Elin Rokstad
informasjonskonsulent
E-post
Mobil 97 75 44 03