Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm

Med tryggleiksalarm kan ein tilkalle hjelp om du treng det.

Det er heimetenesta som kontaktar deg og kjem heim til deg for å hjelpe deg om noko skulle hende.

Dei vil først ringe deg opp for å finne ut kva som er problemet.

Kva er tryggleiksalarm?

Heimebuande kan ha behov for ein tryggleiksalarm.

Ein tryggleiksalarm er ein knapp som du kan trykke på om du har behov for at nokon skal hjelpe deg. Du kan ha den på arma som ei lita klokke eller i snor rundt halsen.

Når du trykkjer på den, blir du sett i kontakt med nokon i heimetenesta.

 

Kven kan få tryggleiksalarm?

Døme på forhold som gjer at du kan ha behov for ein tryggleiksalarm:

  • alvorleg sjukdom som gjer at du kan ha behov for å få rask hjelp frå helsepersonell.
  • du kan ikkje nytte vanleg telefon
  • du bur åleine og kan vere utrygg i situasjonar
  • du har problem med å bevege deg i eige husvære

 

Kva kostar det ?

Tryggleiksalarm - 2024
Tryggleiksalarm 2020 pris pr mnd
I eigen bustad kr 400

 

Korleis søkjer eg?

Her finn du det elektroniske søknadsskjemaet

Dersom du ikkje har høve til å søkje elektronisk , kan du ta kontakt med Sande kommune - tlf 70026700  eller tenestekoordinering - 91625895  så får du hjelp til å søkje på papir.

Søkjer du på vegne av andre skal eit fullmaktskjema ligge ved.

Her finn du døme på dette eller du kan lage ditt eige der du fyller inn dei opplysningane vi spør etter.  (PDF, 380 kB)

Etter at du har søkt, vil Eining for tenestekoordinering  ta kontakt med deg.

 

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Nyttig lenke: 

Du kan lese meir i Helse- og omsorgstenestelova § 3-2, punkt 6 b 

Kontakt

Kari Johanne Skarmyr
einingsleiar heimeteneste
E-post
Mobil 95 91 89 65