Sande Frivillegsentral kjem til å starte opp fleire tilbod etter kvart.
Gode idear og forslag set vi stor pris på – så berre ta kontakt. Vi er heilt avhengige av at frivillege brukar tilboda som vert oppretta, men også av frivillege som kan hjelpe å stille på dei ulike frivillege aktivitetane.
Sande kommune har mange frivillege lag og organisasjonar, som gjere ein utruleg bra innsats. Frivillegsentralen skal vere ein støttespelar for desse, samt andre som ynskjer å vere frivillege.
Har du ein hobby du ynskjer å møte andre like- interesserte på? Sit du med kunnskap du ynskjer å lære frå deg? Ta kontakt med dagleg leiar så ser vi kva vi kan få til.
Det kan vere alt frå ein sjakk-klubb, handarbeid, maling/ teikning, sying, trimtur osv.
Førebels har vi ikkje fått fast lokale, men vi vil kome tilbake med meir info om dette etter kvart.
Dagleg leiar kan du kontakte på onsdagar og torsdagar - tlf 90858951 eller frivilleg@sande-mr.kommune.no
Her kan du følgje med på Sande Frivillegsentral si facebook-side
Og her finn du vedtektene. (PDF, 131 kB)