Sande kulturskule

Sande kulturskule

kyrkjerom, barn , instrument - Klikk for stort bileteAdventskonsert 2019 Sande kulturskule Håkon Vestnes

 Sande kulturskule tilbyr opplæring på instrument eller kunstfag og har mestringsglede og positiv sjølvutvikling som hovedmål. 

I Sande kulturskule tilbyr vi undervisning i følgande fag:

  • messinginstrument
  • gitar/bass
  • piano
  • song 
  • tromme
  • fiolin

Som elev i kulturskulen vi du få individuell tilpassa opplæring med fokus på læring, utvikling og trivsel.
Sande kulturskule tilbyr også aspirantopplæring i samarbeid med Gursken skulekorps.

 

Samarbeid mellom heim og skule

er ein viktig faktor for at eleven skal få dei beste vilkåra for trivsel og utvikling. Gjennom mellom anna utviklingssamtalen og foreldremøter ser vi etter mestring og moglegheiter for eleven. Verdigrunnlaget vårt seier at alle elevar er unike, og at dei skal oppnå gode ferdigheiter på instrumentet sitt, ut frå sitt ambisjonsnivå.

Vi vektlegg også at eleven får utvikle evna til samspel og samarbeid. Ofte ser vi at prosjekt på tvers av instrument er ein stor motivasjonsfaktor. Vi ønsker å bygge eit miljø og ein felles arena for utøving av musikk og kulturuttrykk.   

Tilbodet i Sande kulturskule

Tilbodet i Sande kulturskule
FAG Frå alder ( og oppover) UNDERVISNINGSSTAD LÆRAR
Messinginstrument/ Aspirant Gursken skulekorps 8 år Larsnes Jette Hougaard Holstad
Messinginstrument/ Aspirant Gursken skulekorps 8 år Gursken Jette Hougaard Holstad
Fiolin 6 år Møre barne- og ungdomsskule Andrine Longva Kopperstad
Gitar/ Bassgitar 8 år Gursken Knut Vegard Prytz
Gitar/ Bassgitar 8 år Kvamsøy Lisabeth B Sylthe
Piano 7 år Gursken Stig L Håheim
Piano 7 år Gursken og Larsnes Marlen H Knotten
Piano 7 år Kvamsøy Lisabeth B Sylthe
Song 8 år Gursken og Larsnes Marlen H Knotten
Song 8 år Kvamsøy Lisabeth B Sylthe
Trekkspel 8 år Ulsteinvik Linda Nygård
Trommer 8 år Gursken Bertil Tødenes
Visuelle kunstfag 8 år Ulsteinvik Monica Vermeer
Klassisk ballett 6 år Ulsteinvik Penny Indreflø
Jazzbalett 5.kl Ulsteinvik Penny Indreflø

 


Merk: Frå alder er ei nedre anbefaling. Ein kan melde seg på frå nedre alder og opp til 18 år på alle disiplinane.

Vi samarbeider med Ulstein kulturskule og Herøy kulturskule om undervisning på fiolin, trekkspel og visuelle kunstfag. Her får vi plass ved ledig kapasitet.

Samspel er også eit viktig fokusområde. Elevar i kulturskulen kan mellom anna delta på konsertar, UKM og på andre kulturarenaer.   

 

Kva kostar ein elevplass?

Plass i kulturskulen 2023
Plass i kulturskulen Søskenmoderasjon
kr 3600 pr år 20 % søskenmoderasjon
kr 1800 fakturert pr halvår

 

Søknadsfrist:

Søknadsfristen for hovudopptak til nytt skuleår er 22.mai for komande skuleår.

Skal du melde deg ut av tilbodet er fristen 1.mai.

Alle søkjarar skal få brev om at søknaden er mottatt og registrert. Påmeldinga er bindande for skuleåret, dersom ein tek imot plasse
Ein kan søke plass gjennom heile skuleåret. Suppleringsopptak vert gjort dersom det er ledig plass. 

Vedtekter for Sande kulturskule kan du lese her. (PDF, 85 kB)

Korleis søkjer eg?

Påmelding nye elevar

Endring av disiplin ( instrument / fag) og evt utmelding for elevar som har plass i Sande kulturskule. Frist: 1.mai 

 

Sande kulturskule - rektor: 

Susann Worren Hauge

tlf 91643676

susann.worren.hauge@sande-mr.kommune.no

Kontakt

Susann Worren Hauge
kulturskulerektor
E-post
Mobil 91 64 36 76