Omsetningsoppgåve for alkohol

Omsetningsoppgåve for alkohol

Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit gebyr for å oppretthalde retten til å skjenke eller selje alkoholhaldige drikke.

Gebyret sin størrelse er avhengig av alkoholsalet føregåande år. Opplysningar om dette skal løyvehavar sende til oss elektronisk i skjema.

Omsetningsoppgåve for salsløyver.

Omsetningsoppgåver for skjenkeløyver.

Alkoholforskrifta fastset satsane, og dei finn du her

 

Frist for å levere omsetningsoppgåver er 1. mars kvart år.

 

Dersom du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan fastsatt frist, får du tildelt 2 prikkar. Dersom du ikkje betalar gebyret innan fastsatt frist frå du ytterlegare to prikkar. Om du får tolv eller fleire prikkar i løpet av to år, vil vi inndra sals- eller skjenkeløyvet i minimum ei veke.