Haugelia barnehage

Haugelia barnehage

Haugelia barnehage Sande kommune

Haugelia barnehage ligg i Haugelia byggefelt i Haugsbygda, Gursken. Barnehagen ligg midt mellom fjell og fjøre, noko som gir tilgang til eit unikt naturområde.

Haugelia barnehage vart utbygd og starta opp i 1990 etter eit privat initiativ frå foreldregruppa i Gjerdsvika, Haugsbygda og i Gurskebotn. Barnehagen vart drive av ein foreldrestyrt stiftelse dei første fire åra. I 1994 vart Haugelia ein kommunal barnehage, og Sande kommune eigar og drivar. Den var då godkjent for 18 plassar.

I 2009 blei det bygd på ei halv avdeling, så totalt 24 plassar var barnehagen godkjent for då. I november 2018 blei det påbygd ei småbarnsavdeling, så då blei vi ein toavdelingsbarnehage. Barnehagen blei då godkjent for 36 plassar, men utvida til 40 plassar i januar 2019. Dei siste åra har vi vore på dispensasjon grunna stor søkjarmasse, og vi vil også dette barnehageåret vere på dispensasjon med 46 plassar. Haugelia barnehage har alltid hatt fylt opp alle plassane og nesten alltid har det vore nokon på venteliste.

Vi vil:

Haugelia barnehage skal vere ein brukartilpassa barnehage med barnet i sentrum. Vi skal ha fokus på gode, trygge og stabile rammer for barn, foreldre og tilsette der dagane er prega av glede, humor, leik og trivsel. Barna skal få gode læring- og utviklingsmoglegheiter, og dei vaksne skal utvikle seg i takt med samfunnet.

Utan god omsorg og leik kan vi ikkje fremme læring og danning. Desse fire nøkkelorda går hand i hand, gjennom alle aktivitetar i barnehagen.

Verksemda vår er basert på Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagar.

  • I barnehagelova finn vi det regelverket som gjeld barnehagen.
  • Rammeplanen er ei forskrift til lova som gir retningslinjer for barnehagen sitt verdigrunnlag, innhald og oppgåve.

Desse to dokumenta utgjer barnehagen sitt samfunnsmandat. Årsplanen er barnehagen sitt overordna pedagogiske dokument og er fastsett av barnehagen sitt samarbeidsutval. Planen er eit forpliktande arbeidsverkty for personalet og eit dokument som viser foreldra kva tilbod barna får i barnehagen.

Innanfor desse rammene har leiarane våre, i samarbeid med sine medarbeidarar og barna på avdelingane, stor handlingsfridom. Dei brukar seg sjølve, sin kunnskap og erfaring for å skape gode dagar fulle av gode barndomsminner, tilpassa det einskilde barn.

Vi har som mål  å stadig vere i utvikling!

 

Satsingsområde: 

Haugelia barnehage er ein PALS-barnehage.

Dessutan er foreldresamarbeid noko som har sterkt fokus i tillegg til realfagsatsinga- dette kan du lese meir om i årsplanen. 

Årsplan

Her finn du årsplanen til Haugelia barnehage. (PDF, 3 MB)

Planleggingsdagar : 

  • Måndag 7.august (2023)
  • Måndag 25.september (2023)
  • Tysdag 2.januar (2024)
  • Fredag 15.mars (2024)
  • Fredag 10.mai (2024)

Ferie 

Veke 28 til og med veke 31 

 

Opningstider:

kl 7.00 – 16.30

 

Kontaktinformasjon FAU og SU :

FAU - Haugelia barnehage
Avdeling Representant Funksjon
Armkroken Louise S. Gotten leiar
Armkroken Tina Solheim vara
Leikekroken Kristine H. Hauge leiar
Leikekroken Karina S. Longva vara
Samarbeidsutval Haugelia barnehage
Representant Representerer Funksjon
Marthe L. Strandbakken politisk repr
Helga K Sætre tilsette
Sara F. Wiik foreldra
Lisbeth Nykrem styrar Leiar/sekretær

 

Telefon:

Leikekroken 902 26 980 og Armkroken 482 59 377

E-post:                        

haugelia.barnehage@sande.kommune.no

Besøk- og postadresse:         

Haugelia 16

6082 Gursken 

Her finn du Haugelia barnehage på GoogleMaps-kartet                      

Kontakt

Lisbeth Nykrem
einingsleiar
E-post
Mobil 48 11 75 54