I tillegg er SFO-ordninga tilknytt barnehagen.
Vi legg stor vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggleik, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vere tydelege og nære vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – kvar dag. Sandsøy barnehage skal vere ein god stad å vere for både små og store, og vi legg vekt på gode naturopplevingar året rundt. Barna skal oppleve glede, og føle seg viktige og velkomne hjå oss.
Her skal alle ha det trygt og godt!
Eigarforhold
Sandsøy barnehage er eigd av Sande kommune. Barnehagane i Sande har ein felles visjon:
«Barnehagane i Sande kommune vil, i samarbeid med heimen, gje barna ein trygg start på den livslange læringa i utdanningssystemet. Vi vil gje dei erfaringar og opplevingar som fører til ei positiv tilknyting til nærmiljøet. Vi vil oppdra barna til samarbeid og gjensidig respekt, og gjere dei i stand til å ta vare på kvarandre og seg sjølve.
Vi vil:
- Ha fokus på gode, trygge og stabile rammer for barn, foreldre og tilsette.
- At dagane er prega av glede, humor, leik og trivsel.
- Gripe dagen, og utvikle oss i takt med samfunnet.
Planleggingsdagar 21/22:
- Måndag 8. august
- Torsdag 29. september
- Fredag 7. oktober
- Måndag 2. januar
- Fredag 19. mai
Kontaktinformasjon SU:
Kl. 07:45.-16:30.
Telefon:
Sandsøy barnehage, tlf.: 46917292
Pedagogisk leiar: Gunnhild Bringsvor, tlf.: 91302460
Einingsleiar: Ragnhild Våge Støyle, tlf.: 48100454
Besøk- og postadresse:
Bringsvorvegen 18
6089 Sandsøy
Her finn du Sandsøy barnehage på GoogleMaps-kartet