Larsnes skule

Larsnes skule

Larsnes skule er ein barneskule frå 1. klasse til og med 7.klasse. Skulen er fådelt der elevane i 1. og 2.klasse og 5. klasse går åleine, medan 3. og 4. klasse har alle timane i lag. 6. og 7. klasse er i lag i halvparten av alle timar. Frå hausten 2023 har Larsnes skule 70 elevar, ti lærarar og fire fagarbeidarar. Skulen har også eit SFO – tilbod alle skuledagar, og frå hausten 2023 vil det vere 24 born på SFO.

Larsnes skule ligg fint til ovanfor landsbyen Larsnes. Skulen ligg midt i naturen og har eit fint uteområde med moglegheiter for leik og samspel. I tillegg har vi to gapahukar vi nyttar ved høve då fysisk aktivitet er viktig for trivsel og læring.

Skulen sine målsettingar

Larsnes skule ønsker å skape ein trygg læringsarena der alle opplever meistring. Larsnes skule bygger på PALS sine fyndord, ansvar, respekt og omsorg. Dette gjer vi mellom anna for å skape ein trygg læringsarena der elevane opplever meistring.

Leseplan

Skulen jobbar med fagfornyinga.  I år satsar vi ekstra på lesing, og har ein ny flott leseplan som er utvikla av Sande, Herøy og Ulstein kommune i lag. Du finn lenke her: Leseplan

PALS

Vi er ein PALS-skule, og det gjer at vi skapar eit trygt og støttande læringsmiljø for eleven. Dette er et viktig verktøy inn mot eleven sin trivsel og sosiale læring. Ansvar, respekt og omsorg skal prege veremåten til både barn og vaksne på skulen. Det er også viktig at Larsnes skule tek vare på den enkelte samstundes med at vi arbeider med dei same prosjekta og haldningane til alle som er på skulen.

 

Fysisk aktivitet og kultur

Larsnes skule har tilgang til skogen, fjellet, kunstgrasbana m.m. Dette ynskjer vi å utnytte i kombinasjon med fagleg og sosial læring. Vi er opptatt av at elevane er aktive og at dei vaksne på skulen stimulerer og fordrar til dette. På jul- og sommaravslutningane får elevane  lov til å vise fram ulike og flotte kulturelle innslag. Musikken har alltid stått sterkt på Larsnes, det er eit fint bidrag for å skape samhald og trivsel.

Faglege satsingar

Larsnes skule er i lag med dei andre skulane i Trekløversamarbeidet ( Herøy, Sande og Ulstein) i ferd med å gjennomføre eit ekstra løft inn mot lesing. I samarbeidet har det vorte utvikla leseplanar for alle trinn. 

Larsnes skule har gjort, og vil i framtida auke innsatsen omkring digital kompetanse og digitale læringsprogram. For å ruste dagens barn på framtida er det å nytte digitale verktøy på ein kritisk og fornuftig måte særs viktig, informasjonssamfunnet stiller stadig nye krav. Det er viktig at både barn og vaksne heng med her.

Larsnes skule skal vere ein digital-vennlege skule, og vi nyttar læringsprogram, visuell støtte for å gjere elevane gode på digitale dugleikar. I tillegg er vi sjølvsagt opptatt av at elevane får utfordringar ut i frå sin ståstad og sitt potensiale. Ei god begynnaropplæring der ein meistrar dei ulike grunnleggande dugleikane er ein viktig føresetnaden for heile skuleløpet.

Vigilo

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.

Les meir om appen og funksjonane her: Vigilo.

Her finn du styringsdokument for skulen.

Kontaktinformasjon:

Klassekontakter Larsnes skule 2023/2024

Klassekontakter Larsnes skule 2023/2024
Klassetrinn Klassekontakter Resterande verketid Funksjon i FAU
1.klasse/kull 2017 Marthe Hansen 2 år FAU Nestleiar
1.klasse/kull 2017 Mathias Gjerde 1 år
2.klasse/kull 2016 Kristin Å. Ekeberg 1 år FAU Leiar
2.klasse/kull 2016 Janita Kvalen 1 år
3.klasse/kull 2015 (Slått i lag med 4. kl)
3.klasse/kull 2015 (Slått i lag med 4. kl)
4.klasse/kull 2014 Jørn Roald 1 år FAU Styremedlem
4.klasse/kull 2014 Anne – Lise S. Knotten 1 år
5.klasse/kull 2013 Anders Støylen 2 år FAU Økonomiasv.
5.klasse/kull 2013 Guro Rovde 1 år
6.klasse/kull 2012 Marita Gulbrandsen 1 år FAU Sekretær
6.klasse/kull 2012 Siri B. Gjerde 1 år
7.klasse/kull 2011 Johanne Vasstrand 1 år FAU Styremedlem
7.klasse/kull 2011 Irene Skare 1 år

Samarbeidsutval ved Larsnes skule

Samarbeidsutval ved Larsnes skule
Medlem Representerer
Trym T Skeide Elevar
Matias V Joksxh Elevar
Wenche Indregård Tilsette
Ingrid Gagnat TIlsette
Beata Jankovska Politisk vald

Telefon:

Rektor Oddhild Våge: 47901133

SFO: 948 12 168

E-post:

larsnes.oppvekstsenter@sande.kommune.no

Besøksadresse: 

Vardane 20, 6084 Larsnes

Her finn du Larsnes oppvekstsenter på GoogleMaps-kartet.

 

 

Kontaktinformasjon Larsnes skule

Kontaktinformasjon Larsnes skule
Stilling Namn e-post
rektor Oddhild E Våge oddhild.e.vage@sande.kommune.no
kontaktlærar 1.kl Wenche Indregård wenche.indregard@sande.kommune.no
kontaktlærar 2.kl Ingvild K Muren ingvild.kalland.muren@sande.kommune.no
kontaktlærar 3. og 4.kl Ingrid Gagnat ingrid.gagnat@sande.kommune.no
kontaktlærar 5.kl Edvard Inge Rekdal edvard.inge.rekdal@sande.kommune.no
kontaktlærar 6.kl Ingrid B Ristesund ingrid.brekke.ristesund@sande.kommune.no
kontaktlærar 7. kl Malene Hatløy malene.hatloy@sande.kommune.no
Lærar Anne Lise S Knotten anne.lise.skoge.knotten@sande.kommune.no
Lærar Torbjørn Rekdal jr torbjorn.rekdal@sande.kommune.no
Lærar Sølvi R. Hagen solvi.rovde.hagen@sande.kommune.no
Lærar Violeta Karanauskiene violeta.karanauskiene@sande.kommune.no
Fagarbeidar Marianne Torset marianne.torset@sande.kommune.no
Fagarbeidar Wenche B. Strandbø wenche.botnen.strandbo@sande.kommune.no
Fagarbeidar Ann Kristin Fuglseth ann.kristin.fuglseth@sande.kommune.no
Fagarbeidar Janne Eren Eid janne.eren.eid@sande.kommune.no
Reinhaldar Agniezska Miller agniezska.miller@sande.kommune.no
Vaktmester Helge Hauge helge.hauge@sande.kommune.no

Kontakt

Oddhild E. Våge
einingsleiar
E-post
Telefon 70 02 67 30
Mobil 47 90 11 33