Sommarvedlikehald har Sande kommune storparten av i eigen regi, men ein kjøper tenester til asfaltering og vegmerking.
Til vintervedlikehald kjøper Sande kommune brøyteteneste av 6 entreprenørar.
Dersom ein ynskjer avtale om brøyting av privat veg må ein sjølv avtale dette med dei private brøytarane som kommunen har avtale med.
Målsettinga er god og køyrbar veg heile året.
Grave over eller i kommunal veg?
Dersom du har prosjekt som fører til graving i kommunal veg , skal det søkjast om dette.
Du finn det elektroniske skjemaet her.
Sande kommune vil ha tilbakemelding med dokumentasjon frå slike prosjekt når arbeidet er utført.
Melding om skadar på vegane skal meldast til Sande kommune -
tlf 70 02 67 00 eller e-post postmottak@sande-mr.kommune.no