Akvakulturanlegg ved Lammeneset

Akvakulturanlegg ved Lammeneset

Pixabay  Sande kommune vedtek å legge søknad om ny akvakulturlokalitet ut til offentleg innsyn i 4 veker.

Om tiltaket

Sunnmøre Torsk AS org. nr. 925795550 – har søkt Møre og Romsdal fylkeskommune om ny akvakulturlokalitet for matfisk av torsk på Lammeneset i Sande kommune.

Kommunen skal etter at søknaden har vore lagt ut til offentleg innsyn, gi uttale om søknaden er i samsvar med kommunale planer og interesser. Kommunen sin uttale skal saman med innkomne merknader sendast til Møre og Romsdal fylkeskommune seinast 12 veker (16.07.2021) etter at søknaden vart motteken.

Meiner ein part at tiltaket kan få vesentlege verknadar, og det ikkje er tilfredsstillande utgreia i søknaden, må det meldast til fylkeskommunen etter kunngjering.
Høyringsparten må konkretisere kva forhold som må belysast nærare. Møre og Romsdal fylkeskommune vil saman med aktuelle sektormyndigheiter vurdere om ei tilleggsutgreiing er naudsynt.

Her kan du sjå heile saka.

Høyringssvar og frist

Merknadar til planen skal stilast til Møre og Romsdal fylkeskommune Pb 2500, 6404 Molde og sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Saka merkast «Akvakulturanlegg ved Lammeneset»

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  01.06.2021

Du kan også skrive ditt høyringssvar her- saksnummer 21/408.