Mange som arbeider i regionen vår har reist tilbake for å feire jul saman med familiane sine i heimlandet, og når ein då kjem på retur etter nyttår er det viktig at alle veit korleis ein skal gjennomføre innreisekarantene etter forskrifta.
Covid-19-forskrifta vart nettopp endra, og på bakgrunn av blant anna unntak frå krav om opphald ved karantenehotell, kjem det derfor her ei presisering som kan vere nyttig både for bedrifter og bemanningsbyrå som er usikre på regelverket.
Målet er at vi også etter nyttår klarer å hindre at det oppstår ukontrollert importsmitte i regionen vi bur og arbeider i.