Alle i Sande får barnehageplass 

Alle i Sande får barnehageplass 

Barnehage Sande kommune

Alle frå Sande som har søkt barnehageplass ved hovedopptaket 1. mars, har fått plass frå neste barnehageår.  

Dei fleste har fått plass ved den barnehagen dei har sett som 1.prioritet.

Eit fåtal barn har fått plass ved den barnehagen dei hadde sett som  2. prioritet. Kommunen har såleis oppfylt retten til barnehageplass som er regulert i Barnehagelova og kommunale vedtekter for samordna opptak.   Ein har sjølvsagt rett til å stå på venteliste ved den barnehagen ein hadde som 1.prioritet.

 

Etter hovedopptak

Søknadar som kjem inn etter hovedopptak  vert vurdert utifrå  opptakskriterier og om den enkelte barnehage har ledig kapasitet.  Barnehagane i Gjerdsvika, på Kvamsøy og Sandsøy har ledige plassar som gjer at det kan vere høve til å ta inn nye barn  etter søknad. 

 

Kommunen kjenner til at det har vore problem med å registrere at ein tek imot den tildelte plassen. Ta kontakt med Sande kommune om dette varer ved.