Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

 

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse, og du som skal begynne i 1. klasse til hausten, delta på Sommarles.no 

Du kan lage deg ein profil på sommarles.no, her kan du registrere bøker, få lese tips, løyse oppgåver og du kan følge med på kva vennane din les. Har du ikkje tilgong til internett, kan ein delta med eit lesekort. Kortet kan du få på biblioteket. For kvar bok ein legg inn, får ein XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, lydbøker eller nokon kan lese høgt - all lesing tel. Når du legg inn bøkene, får ein digitale trofé til profilen på nettsida, og ein kan hente ut premiar på biblioteket i løpet av sommaren.