Brannøving ved Skogevatnet - overflateredning

Brannøving ved Skogevatnet - overflateredning

Sande brannvern hadde overflateredning som tema på øvingsplanen sin no i mai.Kommunen skal ha ein beredskap i samsvar med risiko og sårbarheit innanfor eige geografisk ansvarsområde.

I 2017 fekk Sande til liks med dei andre kommunane tildelt ein redningspakke, igjennom det store brannløftet og Gjensidige Stiftelsen.Det vart over heile Norge utdanna lokale instruktørar for å ta seg av og tilrettelegge for det vi kallar for overflateredning.

Skal ein kunne yte i ulike uhell som kan inntreffe er øving utruleg viktig og brannvesenet vil vere ein god ressurs i redningsarbeidet.

Øvinga måndag 26.mai vart lagt opp med ein teoretisk og fleire praktiske øvingsmoment. I tillegg skulle alle mannskap ha gjennomgått eit nettbasert kurs på førehand. Dei to lokale instruktørane Helge Hauge og Atle Beitveit hadde denne kvelden  fått med seg Siw Lien frå Hareid og Ulstein brann og redning.
Nyttig å få innspel om korleis andre løyser sine oppgåver. 

Sande brannvern har siste månadane hatt øvingar knytta til ulike område - PLIVO, overflateredning og øving på spesielt utfordrande situasjonar på båtar ved verft. 

Dette er nyttige øvingar som gir auka kompetanse for mannskapet.

Utifrå dei kriteriar som brannvesenet er pålagde, er Sande brannvesen godt rusta i situasjonar som kan oppstå.