Brukarundersøking i pleie og omsorg

Brukarundersøking i pleie og omsorg

Pleie og omsorg gjennomfører i desse dagar ei brukarundersøking, både for dei som bur på Sandetun omsorgssenter og dei som bur heime.

Bakgrunn for brukarundersøkinga er at vi ønsker å utvikle og forbetre dei tenestene Pleie og omsorgssektoren leverer og at desse skal vere i samsvar med brukarane sine ønsker og behov så langt vi kan få det til.

Korleis blir dette gjennomført? 

Vi ønsker å få tilbakemeldingar frå brukarane om korleis dei opplever tenestetilbodet. Det vil verte gjennomført intervju med dei som bur på Sandetun omsorgssenter. Dei som bur heime, vil få tilsendt eit spørjeskjema, som skal svarast på og sendast i retur i vedlagt frankert konvolutt.

 

Svara er anonyme

Svara vert handsama anonymt av utanforståande og Sande kommune har leigt inn Ambio Helse AS til dette føremålet - ingen svar vil kunne sporast tilbake til den einskilde brukar

 

Hjelp oss å bli betre

Vi håper så mange som mogleg vil ta seg tid til å hjelpe oss i dette arbeidet.Når du er deltek i undersøkinga, er du på med å gjere tenestene i Pleie og omsorg betre.

Gjennomføring og fristar

Intervjua vil verte gjennomført i veke 23. Spørjeskjema vert sendt ut i løpet av veke 23, med svarfrist

19. juni