"Det er ingen bønn- du må registrere din brønn!"

"Det er ingen bønn- du må registrere din brønn!"

No er det på overtid å registrere vassforsyningssystemet ditt  hos Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevann.

Det er obligatorisk å registrere vassforsyningssystemet. Dette kom som nytt krav i den nye drikkevannsforskriften frå januar 2017. Her vart det sett tydelegere krav til trygt drikkevann også frå små vassforsyningssystem.

Registreringa er gratis, og du kan gjere det på mattilsynet.no. I skjemaet registrerer du vassforsyningssystemet si  plassering ved å markere staden i eit kart, og det er kun nokon få tilleggsspørsmål som skal svarast på.

Husstandar som har privat brønn, men ikkje deler drikkevantet med andre, skal ikkje registrere si vassforsyning hos Mattilsynet.

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

-Det handlar om trygt drikkevann for den enkelte, og at myndigheitene får vite kvar dei enkelte vasskildene er, slik at desse ikkje vert forureina ved uvitenheit.

Kommunane vil få tilgang til den registrerte informasjonen fra Mattilsynet. Ei slik oversikt kan vere veldig viktig når kommunen legg planer for bruk av arealer rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogeleg å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på et tidlig tidspunkt, seier seniorrådgiver Line Ruden i Mattilsynet.

Slik registrerer du små vassforsyningssystem:
https://www.mattilsynet.no/mat_og_vann/vann/vannforsyningssystem/slik_registrerer_du_smaa_vannforsyningssystem.29978

 

Har du spørsmål om registreringa?

Ta kontakt med Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.