Dokument blir publisert i fulltekst på innsyn

Dokument blir publisert i fulltekst på innsyn

Pixabay.com

I dag kjem ny arkivdel i vårt sakssystem ut i fulltekst når vi publiserer liste over dokument i innsynsløysinga vår her på heimesida.

Frå før ligg dokument i byggarkivet ute i fulltekst.

-På denne måten vil innbyggarane få større innsikt i kva som "rører seg" i kommunal sakshandsaming og kva innspel Sande kommune får frå ulike partar.

-Dette er eit nytt steg i digitaliseringsprosessen og større grad av innsyn for publikum. Vi er svært glade for å tilby denne servicen til innbyggarane våre, seier arkivleiar Tove Cathrine Kvamme, fagleiar politisk sekretariat og arkiv.
 

Her finn du innsynsløysinga vår og dokument i fulltekst.

Fulltekst-publiseringa gjeld for dokument frå  01.10.2022.