Endra opningstider for NAV i Sande

Endra opningstider for NAV i Sande

 

Frå veke 50 vil publikumsmottak på Larsnes vere ope måndagar kl 10 – 12.

Rettleiarane vil framleis gjennomføre planlagde timeavtalar enkelte torsdagar, men det vil ikkje vere ope for drop-in.

I tillegg er publikumsmottak i Ulsteinvik, Sjøgata 5, ope måndag, onsdag og fredag kl 10 – 12.

Dette gjeld sjølsagt også innbyggjerane i Sande kommune.

 

Åpningstider i publikumsmottak for innbyggjarane i Sande kommune, jul og nyttår:

Ulsteinvik, Sjøgata 5:

23. desember kl 10-12

27. desember kl 10-12

30. desember kl 10-12

Larsnes: Stengt

 

NAV kontaktsenter: Tlf 55 55 33 33 – ope alle virkedager.