Er du i gong med juleførebuingar ?

Er du i gong med juleførebuingar ?

Brann på kjøkken Foto: Komfyrvaktkampanjen/Infratek   Å skifte batteri i røykvarslarane er viktig juleførebuing! 

1.desember er den store batteri-skifte dagen for røykvarslarar! Det er lurt å ha ein fast dato for å skifte batteri i røykvarslarane, og du bør skifte batteri kvart år. 

1.desember er på tysdag -hugs å få gjort dette!. 

Les meir  om brannsikkerheit på DSB.no sine sider 

Brukte batteri puttar du i eiga boks som du har fått av reinhaldsverket og  du kan levere den på butikkar som sel batteri. 

Sande kommune Brannvernleiar og brannsjef i kommunen oppmodar om at du har fokus på brannførebygging i julestria. Dette er ei tid med levande lys og julebakst, samt mange dippeduttar som skal ha straum. Ha fokus på sikkerheit framfor alt! 

Om lyset skulle brenne heilt  ned, må det ikkje vere brennbart materiale som underlag, td trestubbar, juledekorasjonar eller likande 

Ei riktig god førjulstid!