Eurovision-fest i Haugelia barnehage

Eurovision-fest i Haugelia barnehage

Eurovision-fest 2022 Sande kommune  Det var stor fest i Haugelia barnehage før helga. Då vart nemleg den lokale Eurovision-festen arrangert - Grand Prix altså!

Der dukka det opp mange artistar med glitter og paljettar. Artistane  hadde sjølvsagt eige green-room der dei som ville fekk ha på seg neglelakk og glittersminke og all slags "stæsj". KJempegøy!

Dei  flotte heimelaga mikrofonane virka kjempegodt. Det vart skikkeleg stemning der ein framførte og dansa til både nye og gamle Eurovision-songar. Her vart alle vinnarar og ingen vart utstemt!

Resultatet frå festen var nemlig glade barn og vaksne! Nyt dei kjekke stemningsfulle bilda under!