Feel Royal - Kongeleg festmiddag på Breidablik 31.august

Feel Royal - Kongeleg festmiddag på Breidablik 31.august

Torskeloins med oksehaleragu Feel It  Sande kommune står som vertskap for den kongelege festmiddagen med Kongeparet i samband med besøket dei har i Møre og Romsdal 30. - 31. august og 1.september.

Den kongelege festmiddagen med Kongeparet blir på Breidablik, Larsnes.

Kongeparet besøker Fjord kommune og Sykkylven kommune tysdag 30.august. Onsdag 31.august  er det Vanylven kommune og Sande kommune som får besøk

Dagen etter - 1.september -  avsluttar dei reisa si i Møre og Romsdal med besøk i Hareid kommune.

Kongeleg festmiddag med Feel Royal 

Feel It er eit populært dinnershow som blir  produsert kvart år. Dette har dei gjort kvar haust sidan 2012. Nytt repertoar og ny meny kvart år. Stor breidde og variasjon med ulike musikkstilar. Dette er eit samarbeidsarrangement med stor innsatsvilje frå lokalmiljøet og sponsorar – i dag i ein royal variant - Feel Royal.

På menyen står:

  • Forrett: Krepsesuppe
  • Hovudrett:
  • Torskeloins
  • Dessert: Krydderrjome

Programleiar på festmiddagen blir Harald Sætre  frå Feel It.

Kven får site ved Kongens bord? 

Ordførar Olav Myklebust fortel at kvar kommune har plukka ut sine representantar_etter følgjande prioritering

  • Ordførar/ varaordførar
  • Kommunestyra i kvar kommune 
  • Kommunedirektør
  • Dei andre plassane står kommunen fritt til å plukke ut. I vår kommune har vi prioritert representantar frå frivillege organisasjonar på middagen
Deltakarar på festmiddagen
Deltakar Representerer Representerer
Olav Myklebust ordførar
Einar Ekroll varaordførar
Wenche Bjørkeng kommunestyrerepresentant
Kjartan Bleie kommunestyrerepresentant
Marion Flatøy Bringsvor kommunestyrerepresentant
Mathias Bernhard Gjerde kommunestyrerepresentant
Tom Inge Pettersen Gotten kommunestyrerepresentant Gjerdsvika idrettslag
Bjørn Thore Hansen kommunestyrerepresentant
Unny Iren Haugen kommunestyrerepresentant
Inge-Jonny Hide kommunestyrerepresentant
Bodvar Husøy kommunestyrerepresentant
Anne-Marte Skarmyr Beitveit kommunestyrerepresentant
Arnljot Muren kommunestyrerepresentant
Liv Sæther Myskja kommunestyrerepresentant
Silje Ekroll Riborg kommunestyrerepresentant
Kari Ristesund kommunestyrerepresentant Eldrerådet i Sande
Sindre Slettestøl kommunestyrerepresentant
Trond Torset kommunestyrerepresentant
Toril Urkedal kommunestyrerepresentant
Kristoffer Værnes kommunestyrerepresentant
Dag Vaagen kommunestyrerepresentant
Anders Norvald Hammer kommunedirektør
Camilla Auflem Vik barn og unge sin representant Ungdomsrådet/ Planutvalet
Kenneth Beitveit Kvamsøy IL
Bård Dalen Larsnes IL
Jan Arild Jacobsen-Vik Gursken IL
Tove Cathrine Kvamme Tareholmen 4H
Ragnar Johan Kvamme Sandsøy IL