Felles barnevernsteneste frå 01.01.20


Klikk for stort bileteBarnevern  

Sande kommunestyre har godkjent  vertskommuneavtalen om barnevernsamarbeid mellom Volda, Hareid, Sande, Ulstein og Ørsta med verknad frå 1.januar 2020.

Det er Volda kommune som er vertskommune og som har det faglege og administrative ansvaret for barnevernstenesta. Her kan du lese meir om barnevernstenesta.

Telefonnummeret til barnevern i Volda er 70 05 88 00.

I tillegg er no Sande kommune med på ei ordning med barnevernsvakt  slik at det er høve for alle å nå barnevernet utanom ordinær telefon/ arbeidstid. Barnevernsvakta sin telefon er  91576020.