Fint stelte gravplassar i Sande

Fint stelte gravplassar i Sande


Gravplassen ved Sande kyrkje Alle gravplassane i Sande er fint stelte. Slåttefolket gjer ein god jobb.

-Vi får gode tilbakemeldingar frå innbyggarar og dei som elles ferdast på gravplassane i kommunen, seier Kjell Hauge  ved teknisk sektor. 

-Alle dei fire gravplassane blir fint vedlikehalde av slåttefolket ved uteetaten også i år, og dei tilsette utfører arbeidet på ein veldig god måte, seier ein fornøgd Hauge.

Her er litt status frå gravplassen ved Sande kyrkje før helga.