Flyktningar frå Ukraina - kva er status i Sande?

Flyktningar frå Ukraina - kva er status i Sande?

Flagg - Klikk for stort bileteUkraina sitt flagg Pixabay

Sande kommunestyre vedtok i vår at Sande kommune skulle ta imot 50 flyktningar frå Ukraina i samband med krigen som starta 24.februar. No er det desember og i løpet av denne månaden vil det vere 43 personar/ flyktningar  frå Ukraina som er busette i vår kommune.

Desse har fått seg leilegheiter på Kvamsøya, Gjerdsvika, Gursken og Larsnes. Det er nokre skulebarn blant dei som har kome til kommunen og desse har starta skulegang på Larsnes oppvekstsenter. Etter nyttår vil det også vere skuleelevar frå Ukraina ved Gursken oppvekstsenter. Det er også barn i Hauemarkja barnehage på Larsnes.

Norsk 

Dei fleste vaksne går på norskkurs i Ulsteinvik, og skal starte i introduksjonsprogram. Tre personar har allereie fått seg jobb.

Husvære

-Det er fantastisk at sandssokningane har hjelpt oss med husvære til denne gruppa, seier flyktningkonsulent John Fredrik Baade.  - Etterkvart som vi har hatt behov for husrom, har privatfolk meldt inn aktuelle husvære og ting har løyst seg fint. 

- Vi set også pris på at mange sandssokningar tek kontakt med dei som no har flytta hit , og håper vi alle kan verte gode sambygdingar for dei som måtte flytte frå heimlandet sitt. 

Fleire flyktningar?

Det har akkurat kome ei oppmoding frå IMDI om å busette 20 personar til i 2023. Dette blir eit forhold som politikarane skal ta stilling til etter kvart. 

Kva treng flyktningane?

Mest av alt ønsker flyktningane å bli kjende med oss i Sande. Inviter dei med på tur- handletur eller tur i naturen eller på konsert eller kva det måtte vere.

Vi formidlar gjerne kontaktinformasjon dersom du ikkje sjølv har kunnskap om kven dei er.

Å invitere dei på ein kopp kaffi og god prat er også noko dei vil sette pris på. Vi må vel berre tenke litt på kva vi sjølve ville ha behov for dersom vi var i deira situasjon.

Språkkafeen som Sande frivillegsentral arrangerer på biblioteket, er ein fin møteplass for å etablere kontakt.

Neste treff der er onsdag 14.desember kl 17.00

Av konkrete ting er det no behov for nokre små skrivepultar og evt om nokon har ein smart-tv dei vil gi bort. Syklar er også noko dei treng – dei fleste har ikkje nokon bil.

Om du har noko av dette  - ta kontakt med sentralbordet på 70026700 eller postmottak@sande-mr.kommune.no

Flyktningane nyttar seg gjerne av Røde kors sitt kle-lager i Ulsteinvik. Om du har noko du vil levere der, er der ope tysdagar kl 18.00. Dei har eit lokale som ligg i området ved Shell og Brudavoll Kjøttforretning.