Folkevalde på skulebenken

Folkevalde på skulebenken

  

 Ei blid forsamling politikarar og leiarar var samla på opplæring i kommunalt  politisk arbeid på rådhuset i Sande20. og 21.oktober. Alle kommunestyrerepresentantane og medlemmar av hovedutval, kontrollutval og administrativ leiing har vore samla i to heile dagar for å få opplæring i korleis det kommunale systemet fungerer. 

Det har vore veldig nyttig - sjølv for dei som har hatt verv tidlegare- å få vere med på dette. No har ein eit betre grunnlag for å gå inn i det politiske arbeidet, seier nyvalde kommunestyrerepresentantar.

10 av 21 representantar er nye i kommunestyret i den neste perioden.

Her har du oversikta på alle valde representantar.

Gjennom  dei to dagane har ein hatt ulike tema på dagsorden, både korleis det politiske systemet fungerer og korleis stoda er i Sande.

Særleg er økonomi eit hovedtema- då dette styrer all aktivitet og tenesteproduksjon i kommunen. Ei god styring på økonomien og ei rett fordeling blir ei av utfordringane framover.

Den yngre og eldre garde i kommunestyret saman med ordføraren. Frå v.: Kristoffer Værnes, Olav Myklebust og Kari Ristesund.