Førebels valresultat i Sande er klart

Med over 80 prosent deltaking fekk Framstegspartiet flest røyster i Sande kommune i den førebelse opptellinga no i kveld.  Her finn du dei førebelse resultata som er klare no.

Endeleg valresultat er klart i morgon

Endeleg opptelling er klar i morgon tysdag 14..09. rett etter kl 17.00.

Då har vi motteke seint innkomne røystene som evt er på veg no i kveld, og endeleg valresultat blir godkjent av valstyret i Sande.

Valdeltakinga i år (PDF, 312 kB) er omlag den same som på førre Stortingsval i 2017 , medan talet på førehandsrøyster  har gått opp frå 366 til 448 røyster. 

Valstyret i Sande takkar alle som har stått på for demokratiet og delteke i gjennomføringa av valet ute i krinsane!

Inge Vik  Blide valfunksjonærar i Gursken krins