Veke 28:
• Søn 10. juli kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Mån 11. juli kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Tys 12 juli kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Ons 13.. juli kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Tor 14. juli kl. 23.00 – 06.00 neste dag
Møre og Romsdal fylkeskommune skal skifte ut opp mot 20 stikkrenner (røyr) på fylkesveg 61 over Drageskaret i Sande kommune før det blir lagt ny asfalt. Arbeidet let seg ikkje gjennomføre med trafikk på vegen.
Det blir såleis nattestengt frå kl. 23.00-06.00 på kvardagane i to veker. Det er ikkje lokal omkøyring, men naudetatane kan passere. Automatisk trafikkregistrering viser at det er svært liten trafikk i tidsrommet vegen blir stengt.
Stikkrennene leiar vatn vekk frå vegen. Om dei blir øydelagde kan vegen i verste fall kollapse. Røyra som ligg i vegen no blir bytta ut i røyr med større dimensjon for å kunne ta unna auka nedbørsmengder i framtida.
Opningstidspunktet er med atterhald om at entreprenøren ikkje støyter på stein i grunnen som er for stor til å fjernast med maskin. Sprenging kan føre til at dei ikkje rekk å bli ferdige til planlagt tidspunkt.
Det er ikkje lokal omkøyring. Alternativ rute er via fv. 653 Eiksundsambandet. Naudetatane kan passere.
Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune: Byggeleiar Eivind Voldsund, telefon 907 73 969