Fylkeskommunen varslar vegstengingar over Drageskaret

Fylkeskommunen varslar vegstengingar over Drageskaret

Drageskaret Sande kommune  Fylkesveg 61 over Drageskaret blir stengt for trafikk om natta. Meir informasjon finn du i artikkelen. 

Møre og Romsdal fylkeskommune skal skifte ut opp mot 20 stikkrenner (røyr) på fylkesveg 61 over Drageskaret i Sande kommune før det blir lagt ny asfalt. Arbeidet let seg ikkje gjennomføre med trafikk på vegen.
Frå søndag 19. juni blir det nattestengt frå kl. 23.00-06.00 på kvardagane i to veker. Det er ikkje lokal omkøyring, men naudetatane kan passere. Automatisk trafikkregistrering viser at det er svært liten trafikk i tidsrommet vegen blir stengt.
Stikkrennene leiar vatn vekk frå vegen. Om dei blir øydelagde kan vegen i verste fall kollapse. Røyra som ligg i vegen no blir bytta ut i røyr med større dimensjon for å kunne ta unna auka nedbørsmengder i framtida.


Slik blir vegen stengt:

Veke 25:
• Søn 19. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Mån 20. juni kl. 23.00 til 06.00 neste dag
• Tys 21. juni kl. 23.00 til 06.00 neste dag
• Ons 22. juni kl. 23.00 til 06.00 neste dag
• Tor 23. juni kl. 23.00 til 06.00 neste dag
Veke 26:
• Søn 26. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Mån 27. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Tys 28. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Ons 29. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag
• Tor 30. juni kl. 23.00 – 06.00 neste dag


Opningstidspunktet er med atterhald om at entreprenøren ikkje støyter på stein i grunnen som er for stor til å fjernast med maskin. Sprenging kan føre til at dei ikkje rekk å bli ferdige til planlagt tidspunkt.
Det er ikkje lokal omkøyring. Alternativ rute er via fv. 653 Eiksundsambandet. Naudetatane kan passere.


Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune: Byggeleiar Eivind Voldsund, telefon 907 73 969