Fylkesvegen på Kvamsøya er oppgradert

Fylkesvegen på Kvamsøya er oppgradert

Frå venstre: Møyfrid Ristesund i Kvamsøy bygde- og næringslag, byggeleiar Eivind Voldsund og byggeleiar asalt Leif -Olav Brandt frå fylkeskommunen og vegmeister Hans Martin Røed i Mesta.

Møre og Romsdal Fylkeskommune har det siste året gjennomført ei vesentleg oppgradering av fylkesvegnettet på Kvamsøya.

Ca 9,5 km med fylkesveg er asfaltert og det er skifta 20-30 stikkrenner. Vidare har ein fått etablert skikkelege snuplassar både på Basseneset og på Ristesund.

Utbetringa har skjedd i nært samarbeid mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, Mesta og Sande kommune.

Det har vore gjennomført fleire synfaringar for å avklare plassering av nye stikkrenner og utforming av snuplassane.

Ein del av fylkesvegen ved Nova (kapellet) på nordsida har fått total masseutskifting (ca 60 meter).

Synfaring etter ferdig arbeid

Fredag 4.nov var det synfaring på Kvamsøya der både Møre og Romsdal fylkeskommune, Mesta, Sande kommune og Kvamsøy bygde- og næringslag var representerte. Partane var særs god nøgde med arbeidet som har vorte utført.  Nokre mindre forhold knytt til overvatn vil ein arbeide vidare med.

Dette vart ei flott utbetring som gjer at alle bør ta seg ein tur på Kvamsøya!