Høyring - handlingsplan mot vald i nære relasjonar - felles for alle kommunene på Sunnmøre

Høyring - handlingsplan mot vald i nære relasjonar - felles for alle kommunene på Sunnmøre

Vald i nære relasjonarI november 2018 vedtok styringsgruppa for krisesenteret på Sunnmøre å søkje midlar til utarbeiding av ein lokal handlingsplan mot vald i nære relasjonar.

Behov for plan og verktøy

Krisesenteret søkte midlar, og i oktober 2019 innvilga Fylkesmannen midlar til prosjektet. Kommunale representantar kom saman til eit oppstartmøte i februar 2020, og arbeidet med planen vart starta. Grunna covid-19 vart det nedsett ei mindre arbeidsgruppe, som har fått bistand frå representantar frå alle sunnmørs-kommunane.

Kommunane skal legge til rette for at tenestene blir i stand til å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep. Når vald blir avdekt skal tenesteapparatet kunne bidra med rett hjelp til rett tid og ha eit godt samarbeid med aktørar også utanfor dei kommunale tenestene.

Med denne felles handlingsplanen set alle kommunane på Sunnmøre arbeidet mot vald i nære relasjonar på dagsorden. Målsettinga er at tiltak og auka merksemd på vald i nære relasjonar vil bidra til å styrke det førebyggjande arbeidet, at fleire valdsutsette og valdsutøvarar får naudsynt hjelp og at fleire situasjonar der menneske utsettast for vald blir avdekka og avverja.

Bruk av vald er i strid med norsk lov, og eit angrep på grunnleggande menneskerettar.

Kven gjeld planen?

I 2010 kom Krisesenterlova som slo fast at alle kommunar skulle ha eit krisesentertilbod både for kvinner, menn og barn. Det er ikkje lenge sidan den snevre omgrepet kvinnemishandling vart erstatta med omgrepet vald i nære relasjonar. Spissformulert har utviklinga gått frå ignoranse til nulltoleranse. Personar i ALLE aldra, både born, vaksne og eldre, kan utøve og utsetjast for vald.

Handlingsplanen er kjønnsnøytral.  Vi snakkar om valdsutsett og valdsutøvar.

Omfattande forsking viser at vald i nære relasjonar, anten det er å vere vitne til vald eller å bli utsatt for direkte vald, seksuelle overgrep eller krenking, kan føre til omfattande negative konsekvensar på kort og lang sikt. Kommunen har eit særlig ansvar for å førebyggje, avdekkje og avverje vald og overgrep.

Planen skal sikre eit hjelpetilbod som er kunnskapsbasert og samordna og inneheld satsingsområder for perioden. Tiltaka skal bidra til å styrke kunnskaps- og handlingsgrunnlaget i alle kommunane på Sunnmøre.

Handlingsplanen er også eit verkty til hjelp i situasjonar der det kan vere fare for eller mistanke om at vald oppstår.

Mål med planen

Målet er at handlingsplanen skal nyttast av og gi auka kunnskap til tilsette og innbyggarane i kommunane. Det kan vere familie, naboar, kollegaer, offentlege nettverk og/eller frivillige i foreiningar eller fritidsarenaer som har ei bekymring knytt til eit barn, ein ungdom eller ein vaksen.

Målet er at planen skal handsamast politisk i alle sunnmørskommunane i løpet av januar/februar 2021.

Høyringsutkastet

Her finn du høyringsutkastet til Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 5 MB)

 

Høyringssvar og frist

Innspel og kommentarar til planen slik den ligg

kan sendast til Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

eller på

e-post til postmottak@sande-mr.kommune.no  innan  01.12.2020

Du kan også skrive ditt høyringssvar her

Kontakt

Elin Almestad
spesialkonsulent
E-post
Mobil 47 37 78 95