Informasjon til pårørande

Informasjon til pårørande

Det vart ei interessant treff på Øya for dei som kom på orienteringsmøtet som helse- og omsorgssektoren arrangerte måndag 12.november.

Frå nyttår blir det ny organisering av helse- og omsorgssektoren med  felles leiing av heimetenesta og sjukeheimen.

Bård Dalen - helse og omsorgssjef - var innom alle dei 5 hovedområda som helse- og omsorgssektoren  jobbar med.

  1. IKT
  2. Arbeidsmiljø
  3. Pårøranderolla
  4. Kulturaktivitetar
  5. Mat og ernæring

Det som var særleg interessant å høyre om var arbeidet med 

  • pårøranderolla - korleis få til god dialog med ulike grupper pårørande
  • det nye kravet om matmerking som kjøkkenet må innfri
  • "Øya"-satsinga som har vore særs vellukka, der mange frivillege deltek med underhaldning og der ein gjerne vil utvikle tilbodet til aktivitetar i friluft. 

Verd å merke seg er også at ein i Sande har satsa meir på fysioterapi for pasientgruppa i heimetenesta og at det også i Sande er mange yngre som treng meir helse- og omsorgstenester. 

Det vart elles orientert om det budsjettframlegget som ligg føre og korleis ein skal greie å sy saman eit budsjett i balanse for sektoren.