Klimakonferanse på Breidablik – Larsnes måndag 23. september.

Klimakonferanse på Breidablik – Larsnes måndag 23. september.

colourbox.no Korleis nå klima og miljømål?

Gjennom Parisavtalen har dei aller fleste landa vorte samde om at temperaturen på vår jordklode
ikkje må stige med meir enn 2 grader i dette århundre. KORLEIS SKAL VI NÅ DETTE MÅLET?

Ungdommen i dei sju kommunene på  søre Sunnmøre samlast til konferanse for å diskutere dette temaet.

Tid og stad:

23.september 2019, Breidablik, Larsnes

Kvifor konferanse?

Føremålet med denne dagskonferansen er å sette fokus på kva tiltak vi lokalt kan sette i verk
for å bidra til å nå temperaturmålet på 2 grader. Klima Østfold vil stå for faglig innlegg gjennom
konferansen, og deltakarane vil  få anledning til å engasjere seg gjennom dagen med både
meiningar og innspel.
 

Program:

09:00-09:15: Opning av ordførar eller annan representant frå kommunen
09:15-10:15: Faglig innleiing ved Klima Østfold og gruppearbeid om gode klimatiltak
10:15-10:30: Pause
10:30-10:45: Appellar frå miljørørsla og næringslivet
10:45-11:30: Faglig innleiing og gruppearbeidet held fram
11:30-12:30: Lunsj
12:30-13:00: Kulturinnslag
13:00-13:45: Gruppearbeidet held fram
13:45-14:00: Appell frå Ungdomspanelet om gode klimamål
14:00-14:30: Gruppearbeid om ungdommens klimamål
14:30-14:45: Oppsummeringar av gruppearbeidet
14:45-15:00: Avslutning

Arrangør:

Sunnmøre Regionråd, Klima Østfold og Sande kommune.

Dette er første delen av KLIMADAGEN i Sande kommune. På kveldstid blir det også lagt opp til eit ope arrangement . Dette blir annonsert etter kvart.