Kommunal forvaltningsplan for hjort 2021-2024

Kommunal forvaltningsplan for hjort 2021-2024

Hjort Pixabay Hjortejakta 2020 vart avslutta 23.12.

Resultatet for Sande vart 151 felte hjort av ei total kvote på 165 dyr. Det vart felt dyr i alle dei aktive hjortevalda.

Godkjend Kommunal forvaltningsplan for hjort 2021-2024 

NTM-utvalet godkjende i siste møte Kommunal forvaltningsplan for hjort 2021-2024. Planen har vore på høyring, og det vart gjort nokre små endringar før endeleg plan vart vedteke. (PDF, 738 kB)

Merking av hjort

Dei næraste vekene skal det merkast hjort i Sande. 3-4 dyr skal utstyrast med GPS-klave. Slik vil ein kunne følgje vandringane på ein god måte. Om du ser unormal aktivitet med lys og søk i områder med mykje hjort, er det sannsynleg at aktiviteten er knytt til dette prosjektet.